Gjødsel og pressaft

God utnytting av husdyrgjødsla er viktig for å unngå fare for forureining Foto: NLR Vest.

Husdyrgjødsel er viktig plantenæring, men også opphav til miljøproblem. Det finnast fleire krav og verkemiddel som skal medverke til god utnytting av gjødsla. Bonden har stor eigeninteresse av å nyttiggjere seg husdyrgjødsla. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 22.03.2024

Skal du spreie husdyrgjødsel i år?

Pass på å gjødsle på rett måte no, for å kunne søke om RMP-tilskot til hausten.


Publisert 22.03.2024

Nytt gjødselregelverk på høyring

Regjeringa har sendt forslag til nytt gjødselregelverk ut på høyring. Forslaget inneber ei innstramming av spreiekrava, der endringane blir innført over åtte år. Det blir òg tatt omsyn til regionale forskjellar.


Publisert 05.06.2023, Sist endret 05.06.2023

Mindre haustspreiing av husdyrgjødsel

Statsforvaltaren rår til at kommunane normalt ikkje tillèt seinare frist enn 1. september for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding /nedfelling.


Publisert 25.08.2022

Frist for spreiing av husdyrgjødsel om hausten

Husdyrgjødsel kan spreiast på grasmark fram til 1. september. Når kommunen gjev løyve til det, kan fristen utsetjast til 1. oktober.


Publisert 15.04.2021

Gode tilskot for å få gjødsla raskt i jorda

Nedfelling/nedlegging av husdyrgjødsla er gunstig for klimaet, effektivt for bonden og godt for grasveksten. Økonomisk og agronomisk gevinst er ekstra stor ved bruk av tilførselsslange. Gode tilskot gjennom regionalt miljøprogram sikrar god økonomi.


Publisert 16.10.2020

Spreieareal for husdyrgjødsel

Det er berre lov til å spreie husdyrgjødsel på godkjent spreieareal, og det må vera nok spreieareal i høve til dyretalet. Her finn du diverse skjema og malar for spreieareal og bruk av husdyrgjødsel.


Publisert 03.03.2020

Tilskot til gjødsellager

Kommunane er oppmoda om å prioritere etablering av dekke over gjødsellager ved tildeling av tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL). Innovasjon Norge har også eit tilskot til bygging av nytt gjødsellager med fast toppdekke. Etablering av dekke dempar utslepp til luft og aukar lagerkapasiteten for husdyrgjødsel.