Bygg med tre

Alle bygningar på ein gard påverkar i stor grad den totale klimarekneskapen og gjer produksjonen på garden og produkt derifrå meir eller mindre klimavennlege. Dette kan i framtida fort bli eit viktig kjøpsargument for den medvitne kunden. Samstundes er bonden alltid oppteken av å levere garden vidare til neste generasjon i betre stand enn før - slik har det vore gjennom heile landbrukshistoria. 

Før betong og stål overtok bygginga av t.d. fjøsbygg var tre, stein, brake og andre gardseigne ressursar dei føretrekte byggematerialane. Våre byggetradisjonar – skikk og estetikk – er tufta på bruk av tre. I vår tid får trevirke sin velfortene renessanse. Både klima, økonomi, byggeskikk, velferd for gardsfolk og dyr kan vere argument for å satse på meir bruk av tre, gjerne i kombinasjon med andre materialar, også betong. 

 

Aukande trend

Gardbrukarar ønskjer seg eit godt tilbod, enkle avtaler og ein føreseieleg byggeprosess. Over tid har det vore mangel på leverandørar av løysningar i tre, men dette er no i rask endring. Med meir kunnskap om trebygg sine unike eigenskapar og større insentiv for bruk av tre, aukar òg etterspurnaden etter gode løysningar.

Det er også mogleg at bygget som skal fornyast ikkje treng å bli rive. Klimamessig er det ofte den beste løysinga å bruke materialar om att eller bygge på det eksisterande bygget. Er bonden samstundes skogeigar, kan òg bruk av trevirke frå eigen skog vere eit klokt val. 

«Donorbygg» er eit nytt ord, men forklaringa er enkel. I framtida kan det vere aktuelt å bruke gamle materialar om att. Har du tenkt å rive ei låve, kan materialane kanskje brukast ein annan plass. Dette er framleis heilt i starten, men vi trur det vil opne seg ein marknadsplass for gjenbruk av byggematerialar i regionen etter kvart.

 

Støtteordningar

Innovasjon Norge støtter bruk av tre i landbruksbygg spesielt (førebels ut 2022). Dette er omtalt her, men det er nok best å ta ein telefon til det regionale IN-kontoret, landbrukskontoret i din kommune. I tenkeprosessen kan det vere nyttig med nokre gode råd. Sjølvsagt vil rådgivarane hjå Norsk landbruksrådgiving, Felleskjøpet eller Tine kunne hjelpe deg i prosjekteringsarbeidet. 

 

Rettleiing

Statsforvaltaren i Vestland, Møre og Romsdal og Trefokus AS har laga ein rettleiar for bygging av landbruksbygg. Vi håpar at den kan vere til inspirasjon og hjelp ved rehabilitering eller nybygging av driftsbygningar på garden.

For å kome i kontakt med trearbeidande verksemd i Vestlandsregionen, sjå nettsida til Norsk Bygdesagforening. Her finn du potensielle leverandørar av trebaserte og kortreiste løysingar.

Det er eit aukande tal leverandørar av “trefjøs” med ulike konsept. Nokre få som kan nemnast her er Riska sag, Are Treindustrier, WoodconFjøssystemer

 

Inspirasjon

For inspirasjon, sjå eit døme på skog- og trenæringa si nettsida www.tenktre.no. 

Bygg med tre i praksis

Statsforvaltaren i Vestland, Møre og Romsdal og Trefokus AS har utarbeidd ein rettleiar for klimasmarte landbruksbygg, spesielt med vekt på utstrakt bruk av trevirke. Vi håpar at denne vil inspirere og hjelpe deg i gang med planlegginga og gjennomføring av byggeprosjektet ditt, uansett om du rehabiliterer eller bygger nytt. 

Rettleiar - klimasmarte landbruksbygg

Døme

På sida til Trefokus AS finn du ei god samling av landbruksbygg med ulike føremål, storleik og byggeteknikk. Til felles har dei utstrakt bruk av trevirke i konstruksjonen.