For 100 år sidan var folk bekymra for at vestlandsskogane skulle forsvinne. I dag er mange bekymra for at det opne kulturlandskapet skal gro att. For 100 år sidan la skogforskinga til rette for at skogen skulle vere Noreg sitt arvesølv. Så kom vasskraftutbygginga og oljealderen. Sjølv om vestlandsskogen gradvis hadde vakse seg større og større, vart ikkje skogen lenger sett på som verken arvesølv eller det grøne gullet. I dag som oljealderen er på hell og vi snakkar om det grøne skiftet, er skogen ein ressurs som det igjen er forventningar til. Skogen i Vestland har høg volumproduksjon grunna gode veksttilhøve, med lang vekstsesong og overskot av nedbør.

Om du vil lese meir om skogen som klimatiltak, kan du m.a. lese artikkelen "Frå skogreising til avskoging til påskoging" på nettsida til Statsforvaltaren i Vestland. 

Skog- og trebransjen si nettside Tenktre.no informerer godt om trevirket sitt store potensial for nye bruksområder.

Skogbruket i Vestland har utfordringar i forhold til struktur og storleik på eigedomane. Fylket har mange små eigedomar med krevjande driftstilhøve. Vil samarbeid om skogforvaltning på tvers av eigedomsgrensene vere meir vanleg i framtida? I mange skogområde manglar framleis skogsvegar. Vegane bidreg til å sikre positivt driftsresultat og nytte for skogeigarane og samfunnet. 

Hogst av skogen i fylket har tradisjonelt auka kvart einaste år sidan skogreisingstida i 1950-75. Vi høgg kvart år i gjennomsnitt ca. 430 000 mtømmer, noko som gjev eit hogstareal på om lag 10 000 daa. I all hovudsak er dette gran. Tømmeret vert som regel selt til Moelven Granvin Bruk AS eller eksportert til Tyskland og Sverige.