Hogst

Mykje av produksjonsskogen i Vestland er planta gran og sitkagran. For at skogeigaren og samfunnet skal få størst mogeleg økonomisk overskot, må skogen få vekse til han er hogstmogen. Alderen for hogstmogen skog varierer i forhold til treslag og veksestad, og fleire faktorar påverkar val av tidspunkt for hogst. Generelt er den rette biologiske alderen for hogst når årleg tilvekstkurve flatar ut (kuliminerar). 

For gran er denne alderen om lag 60-80 år her i Vestland. Areal som vart planta frå 50- til 70- talet vert ofte hogd bestandsvis, såkalla flatehogst. Fordi denne skogen er einsaldra, må vi som regel hogge heile bestandet. Om vi set att noko av skogen, vil han vere ustabil og sårbar for vindfall. I skog med større variasjon av treslag og alder, kan lukka hogstar vere eigna, dvs. berre tre som er hogstmogne og av interesse for sal vert hogd. 

 

Vurderer du å hogge skog?

Å hogge skog som har levd eit langt liv – ofte langt over eit menneskeliv – skal ein ikkje ta lett på. Skogen var planta med ei mening og med kjenslar for natur, gardsdrift og ein evigvarande og saumlaus produksjon frå generasjon til generasjon. Når skogeigaren vel å hauste av skogen sin, må det tenkast gjennom fleire ting på førehand, slik at ein ikkje gjer skade på ressursane. Her følgjer nokre punkt som bør vurderast i samband med planlegging av hogst:

 

Før skogsdrift 

Søk viten
(til dømes: skogbruksansvarleg i kommunen, naboar, skogbruksleiar, statsforvaltaren, entreprenør) i god tid. Høyr alltid med fleire enn ein.

Vurder hogstalder – er skogen hogstmoden?
Kan skogen stå enno litt lenger? Kan eg vente? Det er stor verdiauke i granskogen når han er 50-70 år. Venter du 10 år kan innteninga auke mykje. 

Neste generasjon skog
Tilrettelegging for den nye skogen skjer under hogsten og bør difor avklarast først. Skal du tinge planter*? Skal du setje igjen frøtre av furu? Bør det markflekkast* i samband med opprydding i hogstfeltet? Kor mykje bør setjast av til skogfond? 

Maskinar og tømmerbil til og frå skogen
Vegstandard, vegbygging*, velteplass* og vendeplass for tømmerbil må vurderast. Mykje av overskotet kan bli ete opp om tømmerbilen må køyre utan tilhengar (kipping). Med skogfondordninga kan vegbygging i samband med skogdrift gjerast særs rimeleg.
Kontakt kommunen for råd om dette. 

Tilhøve som kan gjere skogsdrifta dyrare
Bratt terreng (taubane*, vinsj, gravedrift), miljøomsyn*, kulturminne*, el-leidning, jernbane, drikkevasskjelder, friluftsinteresser, vèr/årstid. Omsyn og ekstra kostnader må avklarast med dei som skal utføre drifta. 

Stordriftsfordelar
Både vegbygging og skogsdrift bør organiserast i lag med naboar – her kan det vere store økonomiske fordelar. 

Få alt skriftleg – ikkje la nokon hogge i skogen din utan kontrakt
I tillegg til ovanståande punkt bør det avklarast kven som skal ta kostnader til graving, samt oppussing av sporskadar og vegar. Avklar òg om og korleis maskinar kan nytte eksisterande vegnett og kven som brøytar når. Uførutsette problem kan fort gje høge kostnader – deloppdrag på timebasis anbefalast sjeldant. 

*) her er det tilskotsordningar eller høve til å nytte skogfond.

 

Under skogsdrift 

Følg med! Følg med på sporskadar, blokkerte vassvegar, skadar på veg - då kan det ordnast medan det stadig er maskinar på plass. Følg med på kor mykje som vert hogd. 

Det kjem regn! Følg med på stikkrenner og avrenning frå feltet. Avrenningsskadar på vegar er kostbare. Dette gjeld òg i tida etter at hogsten er ferdig. Trea bind mykje vatn. 

 

For meir informasjon

Tømmersal for dummies, laga av Statsforvalteren, Fylkeskommunen og Innovasjon Norge i Rogaland. Her er det eit avsnitt om å forstå tilbod på hogst, i tillegg til at fleire av dei overståande punkta vert utdypa.  

Les også meir om skogfond på Landbruksdirektoratet sine nettsider og Skogkurs sin skogfondkalkulator