Birøkt

Birøkt er ein spennande tilleggsproduksjon som kan utviklast til ei interessant inntektskjelde på garden.

All produksjon med husdyr krev fagkunnskap om utstyr, regelverk, sertifiseringar og årssyklus. Dette gjeld også bier og birøktararbeidet. 

Bier er uerstattelege i naturen og for landbruket. Difor er det viktig at fleire satsar på birøkt.  

 

Om regelverk 

Det er til dømes viktig å vite i kva slags område du ikkje kan velje bierasen fritt. For desse reinavlsområda er det eigne reglar for kjøp, sal og flytting av bifolk, slik at sjukdomar som pærebrann ikkje vert spreidd.  

Ved gode produksjonstilhøve – noko som er stads- og sesongavhengig – kan ein bikube produsere ca. 25 kg honning.  

Før oppstart, men også ved aktiv drift med bier, er Norges Birøkterlag ein god samarbeidspartnar og den best oppdaterte informasjonskjelda. På nettsida finn du alt om birøktfaget, regelverk og kunnskapsdeling.