Ein landbrukseigedom kan vere eit godt utgangspunkt for næringsverksemd som ikkje kjem direkte inn under jordbruk eller skogbruk. Det er vanleg å skilje mellom tilleggsnæring og anna næring. Skiljet går mellom kva som kan tilskrivast garden og eigedomen og kva som ikkje gjer det.

I Vestland er mange eigedomar for små for å drive heiltidsjordbruk. På mange gardar skapar tilleggsnæringar større økonomisk gevinst enn den tradisjonelle landbruksdrifta. Det har dei siste åra vore ei positiv utvikling av landbruksbaserte næringar.

Tilleggsnæring
Tilleggsnæring er verksemd bygd på garden sine ressursar. Det er produksjon av varer og tenester, der du nyttar føretaket og eigedomen til anna enn jordbruk og skogbruk. Det kan vere maskinkøyring, brøyting, foredling av matvarer, gardsrestaurant, utleige av rom og hytter, velferdstenester, småkraftverk, sal av ved, osb.

Anna næring
Anna næring er næring du driv med i tillegg til jordbruksføretaket, og som ikkje er avhengig av gardsdrifta. Det kan vere eit transportbyrå, ein maskinstasjon, ei konsulent-teneste, osb.

Inntekta frå tilleggsnæring kan inngå i jordbruksinntekta til føretaket. Innan tilleggsnæringar finst det ulike tilskot, særleg gjennom Innovasjon Noreg sine ordningar. Hugs å utarbeide ein god forretningsmodell.