God agronomi skal alltid liggje i botnen for all matproduksjon. Samanhengen mellom enkelte faktorar må forståast og gjerast til nytte, slik at det kostar minst mogleg å produsere, både med tanke på miljø, naturen sine ressursar og oppbygging av ein berekraftig økonomi.

Klimasmarte løysingar er eit overordna omgrep for dei tiltaka som utgjer ein skilnad, gjev eit ekstra bidrag for at målet om ein skånsam, lønnsam og trygg matproduksjon vert oppnådd.

Klimasmart Landbruk er eit felles prosjekt som eit samla landbruk står bak. For å identifisere ulike grep som kan redusere klimaavtrykket i norsk matproduksjon, har prosjektet ein jakt på 100 klimaløsninger for landbruket. Energi og teknologi, husdyrhald, planter og jord og ikkje minst klimatilpassing står i fokus. 

Vi trur at mange av klimaløsningane i landbruket finn ein der ute allereie. At nytenkande bønder, forskarar og gründarar allereie har utvikla metoder som kan takast i bruk av fleire. Sjekk ut om det er noko som er relevant for ditt bruk. Meir om ulike tiltak kan du lesa på Landbrukets Klimaselskap SA sin nettside Klimasmart landbruk.

 

Støtte til klimarådgjeving

Frå og med søknadsomgangen 2021 kan du søkje om tilskot til klimarådgjeving via RMP.