Kva skal du med Bondeboka?

Bondeboka gjev deg ei oversikt over viktige spørsmål knytt til å eige og drive ein gard. Vi har systematisert bondeboka ut frå sentrale tema i bondekvardagen, og på ein slik måte at du raskt finn fram til det du ønskjer å vite meir om. Mykje av innhaldet er relevant for alle norske gardsbrukarar, men delar av Bondeboka er spesielt laga for landbruket i Vestland, og har vore etterspurt av både forvalting og bønder i fylket vårt.

Vi ønskjer deg lukke til med det gode og viktige arbeidet du gjer på garden din.

Vi er takksame for alle tilbakemeldingar!
Finn du feil på sida, i lenkjer eller du har innspel til innhaldet og nyttige lenkjer, så send oss ei melding.

Med venleg helsing

Landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland

April 2021.