Birøkt er ein spennande tilleggsproduksjon som kan utviklast til ei interessant inntektskjelde på garden. All produksjon med husdyr krev fagkunnskap om utstyr, regelverk, sertifiseringar og årssyklus. Dette gjeld også bier og birøktararbeidet. Bier er uerstattelege i naturen og for landbruket. Difor er det viktig at fleire satsar på birøkt.
Om regelverkDet er til dømes viktig å vite i kva slags område du ikkje kan velje bierasen fritt - det fins reinavlsområder der berre ein av dei tre typene bier er tillete. Det er óg eigne reglar for kjøp, sal og flytting av bifolk, slik at sjukdom og parasittar, som varroamidd og plantesjukdomar som pærebrann, ikkje vert spreidd. Produksjonen varierer etter stad og sesong. Landet sett under eitt, kan ein høste 25 kg honning i snitt frå eit norsk bifolk/ein kube. Før oppstart, men også ved aktiv drift med bier, er Norges Birøkterlag ein god samarbeidspartnar og den best oppdaterte informasjonskjelda. På nettsida finn du alt om birøktfaget, regelverk og kunnskapsdeling. |