Allmenn ferdsel

Det er friluftslova som regulerer ålmenta sin ferdselsrett. I utmark har alle lov til å ferdast til fots, men retten kan vere avgrensa, t.d. i og omkring skogplantefelt og liknande. På innmark kan ein ferdast når det er frost eller snø på marka, men ikkje i perioden frå 30. april til 14. oktober.

Det vil likevel vere mogleg å gå over innmark for å kome seg til utmark, der det er opparbeida sti eller veg. Ferdselsretten gjeld ikkje gjennom gardstun, og ein må ferdast varsamt. Ferdsla må såleis ikkje vere til urimeleg stor plage for grunneigaren eller andre.

Meir om friluftslova på Lovdata.