Beitelag

Mykje av beitinga i utmark er organisert gjennom beitelag. Beitelaget skal vere registrert med organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret og ha minst 2 medlemer med organisasjonsnummer. På utmarksbeite skal det førast organisert tilsyn og sanking. 

Dyra skal ha tilsyn minst en gong per veke i område utan særleg risiko. Ved mistanke om auka fare må tilsynet aukast, slik at forhold som kan føre til dårleg velferd, sjuke, skadde og avmagra dyr, vert oppdaga så tidleg som råd er.

Beitelag kan søke om tilskot til drift av beitelag. Tilskota skal stimulere til miljøvennlege driftsformer og produksjon av miljøgode for samfunnet. Dei er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak med landbruksproduksjon som oppfyller visse vilkår. Godkjente beitelag kan søkje om tilskot til drift av beitelaget.

Beitelaga kan søkje om støtte til investeringar til tiltak i beiteområde. Slike tiltak kan til dømes vere å setje opp sankehegner, bruer og elektronisk overvaking som radiobjøller og e-bjøller.