Det sirkulære fjøset

Det nye bygget skal vere ein god arbeidsplass for deg, og gi godt miljø for dyra i mange år.

Kva som er det beste byggekonseptet for din gard kan du finne ut med hjelp frå ein rådgjevar. Denne tenesta yter både Norsk Landbruksrådgjeving, Felleskjøpet, Tine, Fjøssystemer og andre. Det er mykje å ta stilling til, mellom anna kan du velje mellom grindverksbygg, prefabrikkerte massivtre-element, limtrekonstruksjonar og materialkombinasjonar med stein og betong. 

Tre har nokre viktige eigenskapar i denne samanhengen. Les meir om desse under “kvalitetar i slike bygg”.

Ved planlegging av landbruksbygg kan du be rådgjevaren spesielt om gode løysingar for:  

  • Energi: bruk av fornybare kjelder og utnytting av ressursar frå garden som flis, gass, vatn, sol etc. 
  • Vedlikehald, gjenbruk og lang levetid for byggematerialar. 
  • Reduksjon av klimagassar frå dyr.

Før ein set spaden i jorda er det mykje som må planleggjast og avklarast. Planleggingsfasen er spesielt viktig for å få eit godt resultat.