Sal av livdyr

Ein kan levere dyr til slakteri eller ein kan selje dyr som livdyr. Det er forbode å flytte hodyr av småfe (sau og geit) mellom buskapar. Det må søkjast om løyve til Mattilsynet dersom ein vil kjøpe hodyr.

Lenkje til Mattilsynet

Hanndyr av småfe kan flyttast mellom buskapar innan fylket utan søknad til Mattilsynet, men det skal fyllast ut eigenerklæringsskjema frå seljar som skal følgja hanndyret. Skal verane flyttast over fylkesgrenser treng dei i tillegg veterinærattest.

Med fylke vert det no meint dei fylka som er gjeldande frå 1. januar 2020.

Lenkje til eigenerklæringgskjema