Å bli eigar av eit gardsbruk inneber at ein kjem i kontakt med ei rekkje lover og reglar. I samband med sjølve overtakingsprosessen kan det vere tale om avtalerettslege reglar, konsesjonslova, odelslova, reglar om buplikt og driveplikt, tinglysing og kreditt- og finansieringsføresegner.

Når ein  så er blitt eigar av gardsbruket lyt ein setje seg inn i dei rettslege rammene som gjeld for forvaltning av sjølve eigedomen, og for den næringsdrifta ein vil satse på. Som eigar vil ein ha rett til å nytte eigedomen sine ressursar, men ein vil også ha ei rekkje plikter, både overfor naboar og deira eigedomar og interesser, og overfor ulike styresmakter.

Her har vi skrive litt om nokre sentrale emne. Sjå også kapittelet «Drive gard».