Bu- og driveplikt

Buplikt

I mange tilfelle vil det vere buplikt på garden. Denne kan følgje direkte av lova, eller vere fastsett som eit vilkår for konsesjon.

Har du overteke ein landbrukseigedom frå nær slekt, treng du i utgangspunktet ikkje konsesjon, og du kan du nytte deg av eigenfråsegnskjema om konsesjonsfritak. Då er det viktig at du er merksam på at du forpliktar deg til å busetje deg på garden innan eitt år, og bu der i fem år. Dersom du ikkje skal/kan busetje deg på eigedomen innan denne fristen, må du søkje konsesjon.

Har du kjøpt eit gardsbruk i den opne marknaden, treng du i dei fleste tilfelle konsesjon. I samband med konsesjonshandsaminga kan det, av omsyn til busetjinga i området, bli sett vilkår om buplikt i medhald av konsesjonslova § 11. Om du ikkje kan eller vil busetje deg på eigedomen, kan du klage på vilkåret. Til liks med andre konsesjonsvilkår, kan ein også søkje om å få det endra, t.d. dersom ein ikkje kan flytte til garden innan fristen, eller ønskjer å flytte frå den før buplikta er oppfylt.

Les meir hos landbruksdirektoratet om buplikt

 

Driveplikt

Driveplikta er fastsett i jordlova § 8, og omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite, slik desse arealkategoriane er definert i NIBIO si klassifisering.

Driveplikta er utan tidsavgrensing, og gjeld uavhengig av storleik på arealet og om arealet ligg i område regulert til Landbruk-, natur- og friluftslivområde (LNF-område) i kommuneplanen eller ikkje. Det er eigaren som må sørgje for at driveplikta vert oppfylt. Han kan drive areala sjølv, eller leige dei bort på 10-årige, skriftlege avtaler. Dette gjeld uavhengig av om tidlegare eigar hadde fritak. Det kan søkjast om fritak frå driveplikta. Søknad skal sendast til kommunen, men det er i utgangspunktet høg terskel for å få slike søknader innvilga. Kortare bortlegeavtaler kan derimot bli aksepterte dersom det ligg føre gode grunnar.

Driveplikta skal syte for at jorda sine produksjonseigenskapar vert oppretthaldne, og den inneber at areala skal haustast og kultiverast årleg.

Les meir hos landbruksdirektoratet om driveplikt.