Gjerdeplikt og beiterett

Eit gardsbruk har oftast gjerdeplikt for ulike gjerdestrekningar, noko du må få oversikt over ved overtaking. Ein kan vere pålagd gjerdeplikt gjennom skylddeling, skjønn, utskifting/jordskifte eller avtale. Dersom du er pålagt gjerdeplikt, pliktar du å oppretthalde gjerdinga fram til du eventuelt vert friteken for gjerdeplikta ved avtale eller gjerdeskjønn. Det at du ikkje lenger driv med husdyr, fører altså ikkje til at gjerdeplikta sluttar å gjelde.

Ved oppsett av nytt gjerde eller dersom jordskifteretten skal avgjere gjerdeplikt i form av jordskifteskjønn, er grannegjerdelova og beitelova aktuelt regelverk. Det er då ein hovudregel at den som har størst nytte av gjerdet må bere tilsvarande stor del av kostnaden. Gjerdelova løyser ikkje vanskane med manglande gjerdehald når eigedomane ikkje grensar til kvarandre. Etter beitelova pliktar husdyreigaren å syte for at dyra ikkje kjem inn på område der ein ikkje har rett til å ha dei.

Meir om beitelova på lovdata.no

Meir om gjerdelova på lovdata.no

 

Beiting i utmark

Som grunneigar har ein rett til å nytte beite i utmark der ein er eigar eller har beiterett. Særleg i låglandet kan det vere vanskar knytt til dette, då det ofte er manglande gjerdehald mellom utmarka og innmarka hos andre grunneigarar. Som hovudregel har alle rett til å setje opp gjerde mot naboen, men gjerdehald mellom kvar eigedom i utmarka vil føre med seg store kostnadar i høve til nytten av beitet. Det vil oftast vere meir rasjonelt å få til samarbeid om større beiteområde og felles gjerdehald for fleire eigedomar. Utmarkseigar har ikkje plikt til å halde gjerde mot hyttetomter.