Rettar som grunneigar

Til dei fleste gardsbruk over ein viss storleik er det oftast knytt rettar av ulikt slag. Jaktrett, fiskerett, fallrettar, beiterett og stølsrettar er mellom dei mest vanlege og viktigaste. Desse rettane vil du som grunneigar sjølvsagt kunne nytte. Du må likevel vere merksam på at både grunneigedomsretten og dei tilknytte rettane også kan innebere plikter. Som skogeigar vil du til dømes ha eit forvaltaransvar i følgje skogbrukslova § 4. Gjerdeplikt er eit anna døme.

Du bør kontakte landbruksansvarleg i kommunen om du er usikker på kva du som eigar kan ha av rettar og plikter.


Les også om gjerdeplikt og beiterett.