Fjørfe er einmaga dyr og hovudsakleg vert fôra med kraftfôr. Kraftfôret er utvikla for å dekke dyra sitt næringsbehov og inneheld alle næringsstoffa dyra treng. Samansetninga av fôret varierer, men kan mellom anna innehalde korn, soya, raps og nokre tilsetningsstoff. Nokre bønder produserer noko av kornet sjølv, men hovudsakleg kjøper produsenten alt kraftfôret.

Produksjon av fjørfe er underlagt lov om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen. Mellom anna er grensene for konsesjonspliktig produksjon definert.  

Som i andre husdyrproduksjonar vert det stilt krav om spreieareal for gjødsla som vert produsert på bruket.

Alle som driv eit næringsretta dyrehald må ha oppdatert kunnskap om dyrehelse. I praksis betyr dette at du må ha gjennomført eit kurs i dyrehelse. Næringsretta dyrehald er hald av storfe, sau, geit, svin, oppdrettshjort, pelsdyr og fjørfe i ein verksemd som mottek produksjonstilskot og / eller har ei omsetting som overstig grensa for å vere merverdiavgiftspliktig. Alt hald av kameldyr omfattast av reglene for næringsretta dyrehald.

Du kan lese meir om kompetansekravet hjå Mattilsynet.