Hagebruksproduksjon i Vestland fylke er i all hovudsak knytt til dyrking av frukt og bær, samt noko potet og gulrot i Lærdal. I eit klimaperspektiv er det viktig å auke produksjonen av norske grønsaker, frukt og bær.

Det er eit godt klima for grøntproduksjon i indre fjordstrok på Vestlandet, men ein kan få større utfordringar i kystnære strok, både på grunn av jordsmonn og store nedbørsmengder.  

Hovudproduksjonen i Vestland fylke er i dag eple, plomme og morell, samt bringebærproduksjon i gamle Sogn og Fjordane. Pæreproduksjonen er liten, sett i volum, men avlinga er aukande med nyplantingane av den Graminor-utvikla sorten Celina. 

Frukt - og bærsenteret på Njøs har prosjekt på å utvikle eit godt sortsmateriale for sjeldne frukt- og bærkulturar som har liten kommersiell utbreiing i Noreg: tindved, svarthyll, minikiwi m.m..

Dersom du har overtatt gard med frukt- eller bærproduksjon, er det viktig at du tek kontakt med fruktlageret du er knytt til.  Saman kan de planlegge planting av riktige sortar i rett plantesystem.

Dersom du ynskjer å drive småskala frukt- og bærproduksjon er det ein god start å kontakte Kompetansenavet Vest og Norsk landbruksrådgiving Vest sine frukt-og bærrådgjevarar. Dei kan hjelpe til i ein startfase for å vurdere marknadsstrategiar, nyplantingar og vurdere tankar du eventuelt har om vidareforedling av frukt- og bær. Dette gjeld også drikkevarer og sider.