Økologisk produksjon

Økologisk produksjon inneber å drive berekraftig utan bruk av kjemisk-syntetiske sprøytemiddel og kunstgjødsel. I staden nyttar ein førebyggande plantevernstrategiar og gjødselkjelder av naturleg opphav. Dersom du skal selje varene dine som økologiske, må produksjonen din vere godkjent av Debio. Debio er kontrollorganet for økologisk landbruk.  

Økologisk drift (som også kan inkludere regenerativt landbruk) er i aukande grad ein marknadsdreven produksjon. Det er derfor viktig at du undersøker marknadspotensialet for produksjonen du ynskjer å starte med. Innovasjon Norge kan gje støtte til marknadsundersøking og planlegging av økologiske produksjonar.   

Les meir om dei ulike støtteordningane på Innovasjon Norge sine landbrukssider.  

Norsk landbruksrådgiving Vest (NLR Vest) har gode rådgjevingstenester ein kan nytte både før og etter omlegging til økologisk drift. Nokre av tenestene er gratis, medan andre har ein rimeleg eigenandel. 

Les meir om dei generelle rådgivingsordningane for deg som vil drive økologisk på nlr.no, eller ta kontakt med ein rådgjevar gjennom Norsk Landbruksrådgiving Vest.  

Last ned og les meir i nyplantingsmanualen. 

Mattilsynet om øko-regelverket innan økologisk produksjon