Omsetning

Frukt- og bærkulturane blir i hovudsak selde til grossistane Bama og Coop gjennom fruktlager. Det same gjeld for grønsaker, som i  hovudsak blir omsett gjennom Sogn Frukt og Grønt.  

For å kunne levere til fruktlager må ein vere medlem/ha avtale med eit lager. For å kunne levere til Bama må ein i tillegg vere medlem av produsentorganisasjonen, Gartnerhallen. Frå 2019 måtte alle medlemmene av Gartnerhallen levere og få godkjent produksjonsplan for å vere sikra omsetning. Dersom du ikkje er medlem av ein produsentorganisasjon frå før, og vil starte ein større frukt- og bærproduksjon (eventuelt storskala grønsaksproduksjon) for sal gjennom grossist, må du sikre deg medlemskap/avtale med eit lager og ein produsentorganisasjon.

Hovudfruktlager med levering til grossist i 2022:

Hardanger Fjordfrukt (Utne), Nå fruktlager (Nå), Ullensvang fruktlager (Loftus) (Coop), Sogn Frukt og Grønt (Lærdal), Innvik fruktlager  (Innvik),  Sognabær (Vangsnes i Vik) og Luster Grønt (Luster).  

Frukt og bær kan også bli produsert i liten skala, der omsettinga er retta mot lokalsal til dømes gjennom Bondens marked eller REKO-ring. Det same gjeld småskala grønsaksproduksjon. Du kan få tilskot frå Innovasjon Norge dersom du har ein god marknadsplan for korleis du vil produsere, vidareforedle og selje produkta dine - anten det er råvarer eller foredla produkt.   

Dei siste åra har fleire siderprodusentar oppnådd suksess gjennom å selje lokalt. Dersom dei har klart å produsere større volum med kvalitet, har dei oppnådd avtalar med Vinmonopolet om sal av varene deira.  

Dersom du vil knytte deg til gode kurs og nettverk innan lokalmat, kan du ta kontakt med Kompetansenavet Vest, Matarena, ditt lokale næringsutviklingskontor eller NLR Vest for å få råd om vidare utvikling av idear knytt til lokalmat.