Rydde- og plantetilskot

Hagebruksproduksjon i Vestland fylke er i all hovudsak knytt til dyrking av frukt og bær, samt noko potet og gulrot i Lærdal. I eit klimaperspektiv er det viktig å auke produksjonen av grønsaker, frukt og bær på Vestlandet.

Det er eit godt klima for grønt-produksjon i indre strok av Vestlandet, men ein kan få større utfordringar i kystnære strok, både på grunn av jordsmonn og store nedbørsmengder.  

Hovudproduksjonen i Vestland fylke er i dag eple, plomme og morell, samt bringebærproduksjon i Sogn og Fjordane. Pæreproduksjonen er liten, sett i volum, men avlinga er aukande med nyplantingane av den Graminor-utvikla sorten Celina. Det er òg eit satsingsprosjekt for å auke produksjonen av morellar i Vestland fylke (Lærdal og Hardanger). 

Figur 1. Vestland fylke sin del av norsk frukt – og bærproduksjon (Fylkesmannen i Vestland, 2020. Kjelde: Landbruksdirektoratet).

Figur 1. Vestland fylke sin del av norsk frukt – og bærproduksjon (Fylkesmannen i Vestland, 2020. Kjelde: Landbruksdirektoratet).

Frukt - og bærsenteret på Njøs  har prosjekt på å utvikle eit godt sortsmateriale for sjeldne frukt-og bærkulturar som har lite kommersiell utbreiing i Noreg: tindved, svarthyll, minikiwi osb. For deg som har overtatt gard med fruktproduksjon er det viktig at du tek kontakt med frukt- eller bærlageret du er knytt til, for å sikre at du planlegg nyplantingar og ei satsing med riktige sortar og plantesystem du kan få støtte til frå Innovasjon Norge.

Dersom du ynskjer å drive småskala frukt-og bærproduk-sjon er det ein god start å kontakte Kompetansenavet Vest og Norsk landbruksrådgiving Vest sine frukt-og bærrådgjevarar. Dei kan hjelpe til i ein startfase for å vurdere marknads-strategiar, nyplantingar og vurdere tankar du eventuelt har om vidareforedling av frukt-og bær. Dette gjeld også drikkevarer og sider.