Hagebruksproduksjon i Vestland fylke er i all hovudsak knytt til dyrking av frukt og bær, samt noko potet og gulrot i Lærdal, som vert levert til grossist. I tillegg er det ei gryande interesse for småskala grønsaksproduksjon for sal på lokalmatmarknaden.

I eit klimaperspektiv er det viktig å auke produksjonen av grønsaker, frukt og bær på Vestlandet. Det er eit mildt klima i kyst-og fjordnære strøk på Vestlandet, og mange område er godt tilrettelagt for grønt-produksjon. Indre fjordstrøk er spesielt godt egna med høgare sommartemperaturar. Ein kan få større utfordringar i kystnære strok, både på grunn av jordsmonn (myrjord) og store nedbørsmengder. Men med val av riktig jordsmonn, kulturar og sortar, samt godt drenert areal, kan ein få til ein allsidig drift med grønsaker.

Grønsaksproduksjon i Vestland fylke er konsentrert i ulike mindre regionar. Lærdal og delvis Gloppen kommune har tradisjonell produksjon av grønsaker til grossist. Ønskjer ein å levere til ein stor grossist, må ein vanlegvis ha medlems-skap i ein produsentorganisasjon og ein godkjent produksjonsplan for å kunne levere til eit grønsakslager (Lærdal og Sandane). I dei siste åra har det vore vanskelege å få godkjente produksjonsplanar for nye produsentar eller gardsbruk som ikkje har medlemsskap frå før.

Eit alternativ er difor å rette salet av grønsaker inn mot lokalmatmarknaden. Fleire småbruk i Vestland fylke har difor starta ein marknadshage. Det er ein driftsform for småskala grønsaksproduksjon, for sal av grønsaker gjennom salskanalar for lokalmat eller gjennom å opprette ei abonnementsordning for grønsakskasser eller andelslandbruk.

Bondens marknad er ein pådrivar for marknadshagekurs i Vestland fylke.  Sogn Jord-og hagebruksskule (artikkel frå Bondevennen) rettar delar av undervisninga i hagebrukssektoren mot denne driftsformen, og Voss vidaregåande skule (avdeling Hjeltnes) driv utdanning av gartnarar i eit program for vaksenagronomar (2 år deltid).