Omsetning

Du kan få tilskot frå Innovasjon Norge også til småskala grønsaksdproduksjon, dersom du har ein god marknad-splan for korleis du vil produsera, vidareforedla og selje produkta dine, anten det er råvarer eller foredla produkt. Du må anten ha ein marknadsplan for korleis du vil omsette på lokalmatmarknaden, eller ei avtale med eitt av lagra for grøntproduksjon i Vestland fylke.

 

Grossist

Grønsaker i større volum og gardar med spesialisert produksjon, har så store volum at dei må levere gjennom grossistane Bama og til Coop, gjennom eit kjølelager. For grønsaker er det slike lager i Sandane (Coop) og Lærdal (Bama). For å kunne levere til eit kjølelager må ein vera medlem i eit slikt samvirke, og for å kunne levere til Bama må ein og vere medlem av  produsentorganisasjon Gartnarhallen, som godkjenner produksjonsplanane. Slike planar hjelper produsentane å sikre at det ikkje blir over-eller underproduksjon i marknaden.  

Det finst også mindre grossistar ein kan knytte seg til, som spesielt leverer til restaurantmarknaden og andre storkjøkken (HoReCa). Undersøk gjerne lokalt om det finst slike verksemder, dersom du treng å få transportert dine produkt ut av ditt lokale distrikt.

 

Lokal omsetning

For grønsaksproduksjonar med allsidig drift og små volum vert produsert for lokalsal gjennom Bondens Marknad, REKO-ring eller gardsutsal. Nokre vel også omsetnings-formar som andelslandbruk eller abonnementsordningar med faste leveringar.

Dersom du vil knytte deg til gode kurs og nettverk innan
lokalmat, ta då kontakt med Kompetansenavet Vest , Matarena, ditt lokale næringsutviklingskontor eller nærings-hage i din region, NLR Vest om å få råd for vidare utvikling av lokalmatretta idear. For andelslandbruk er det eit nasjonalt nettverk ein kan knytte seg til: andelslandbruk.no og som har rettleiingsmateriale for oppstart.