Beredskap

I husdyrproduksjon er kontinuitet i drifta avgjerande – både for dyrevelferd og økonomi.
Difor må du som produsent ha ein beredskapsplan som tek høgde for til dømes straumbrot, temperatursvikt, sjukdomsutbrot hos dyr, transport av mjølk eller fôr og stengde vegar.

Fjørfe krev stabil straum til ventilasjon, oppvarming og fôringssystem. Eit straumbrot kan bli kritisk etter kort tid. Beredskapsplanen bør innehalde tilgang på aggregat, kontaktpersonar for dyrehelse og rutinar ved massedød eller smitte.

Ein gjennomarbeidd plan gjer at du raskare kan setje inn tiltak for å sikre dyra, produksjonen og leveransane.

Sjå den generelle sida vår om beredskap for mal og lenkje til støtteverktøy.