Kunnskap om lokalmat

Skal du i gang med produksjon og sal av trygg og god mat til forbrukar må du vite kva du går til. Mange har eigen kompetanse og røynsle frå næringsmiddelindustri eller måltidsbransje, men her finst også gode kompetansemiljø og nettverk regionalt.

I tillegg til det produksjonstekniske treng du kompetanse på tema som forretningsplanlegging og -drift, design og marknadsføring, produktutforming, sal og distribusjon. Kanskje treng du ha forskjellige strategiar for forskjellige kundegrupper og kjennskap til marknadsledd på grossist- og detaljistnivå.

 Førstelina for etablerarrettleiing er landbruks- og næringskontora i kommunane, eller er sett ut til lokale næringsselskap ol. Desse har også gjerne tilbod om etableraropplæring og forretningsplanlegging, gjerne i samarbeid med Vestland fylkeskommune. Landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren og Innovasjon Norge står også bak ein del mobiliseringskurs, og har eigne matansvarlege ressurspersonar som kan gje råd om framgangsmåte, kompetanse, søknadsprosessar osb.

Dei regionale kompetansenettverka for lokalmat tilbyr særskilt kompetanse og beslutningsstøtte til gards- og lokalmatprodusentar. Kompetansenettverket i Vest-Norge ved Sogn Jord- og Hagebruksskule arrangerer kurs og ei besøksordning med eigne mat- og forretningsfaglege matkontaktar, kjende og respekterte matfolk, til å følgje opp produsentane.

Stiftelsen Norsk Mat står bak den nasjonale merkeordninga for matspesialitetar, og driv rettleiing i søkeprosessen. Dette er spesielt nyttig når ein vil oppskalere og nå ein nasjonal butikkmarknad. Dei driv også den nasjonale portalen www.lokalmat.no, som er ein møteplass mellom produsentar og innkjøparar. Her ligg også kurskalender for Stiftelsen Norsk Mat, Innovasjon Norge mfl.

Landbruket sine eigne kursarrangørar og rettleiingsmiljø driv også relevant verksemd i kryssingspunktet mellom primærproduksjon og foredling, td. Norsk landbruksrådgiving, TINE, Felleskjøpet og landbruksskulane i Vestland. Sjå også www.landbrukskurs.no.

Hanen er ein nasjonal næringsorganisasjon for gardsmat og lokale produsentar som driv med lokal foredling av mat og drikke.
HANEN synleggjer medlemsverksemda for potensielle kundar og gjester frå både Noreg og utlandet. Nettverket bidreg til fagleg utvikling og gode relasjonar med aktørar og støttespelarar i næringa. Dei representerer næringa sine interesser overfor styresmakter og andre organisasjonar.