Biogass

Biogass (kjelde: Landbruksdirektoratet) produsert på husdyrgjødsel reduserer utsleppa av metan frå jordbruket. I tillegg er biogass ei fornybar energikjelde som kan nyttast som drivstoff eller til å produsere elektrisitet og varme. 

 

Biogassanlegg 

Ved nedbryting av gjødsla vert det danna ammoniakk, CO­­­­­2, lystgass og metan. Gjennom lagring av gjødsla i eit lukka biogassanlegg vert utslepp av desse stoffa hindra, samstundes som det organiske materialet vert omdanna til biogass. Den produserte energien er fornybar og kan erstatte fossile energikjelder t.d. ved å verte nytta som drivstoff eller til produksjon av elektrisitet og varme. Biogass, produsert frå gjødsel, gjev difor ein dobbel vinst og er eit effektivt tiltak for å avgrense klimagassutslepp frå jordbruket. Innblanding av andre materiale med organisk opphav kan i tillegg auke effekten av produksjonen og kvaliteten av sluttproduktet/bioresten.  
 

Regelverk 

Det er ei rekke krav til bruk av organisk gjødsel, regulert gjennom fleire forskrifter som Mattilsynet handhevar. Sentralt står Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav, som stiller krav til gjødselverdi og risiko knytt til mogleg spreiing av miljøskadelege stoff. 

Biorest frå biogassanlegg fell inn under denne forskrifta. Mattilsynet (distriktskontora) er tilsynsmyndigheit for
tilverking og omsetjing av produkt, og er òg forbrukar-
kontakt. Mattilsynet er ansvarleg for registrering av gjødselvarer for heile landet. 

Det er viktig å avklare med det lokale Mattilsynet før endelege avgjersler vert tatt. For gjødselvarer produsert av avfall eller husdyrgjødsel er det krav når det gjeldhygienisk kvalitet og innhald av miljøgift. 
 

Forskrifta om animalske biprodukt stiller krav til hygiene ved bruk av gjødsel med opphav i animalske biprodukt, t.d. matavfall, slakteriavfall og husdyrgjødsel. I tillegg er det fleire særlege forskrifter som skal sikre at det ikkje vert spreiddplantesjukdommar.   
 

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har ein rettleiar som syner krav til kompetanse for dei som skal prosjektere og byggje anlegg, og til kontrolltiltak. 

Biogassanlegg må meldast inn til DSB. Dette gjer ein via Altinn.no. Merk at mengder frå 400 liter biogass er meldepliktige. Heile reaktorvolumet for ein biogassreaktor skal takast med i reknestykket, også den delen som normalt er fylt med væske. Ipraksis er dei aller fleste anlegga meldepliktige.  
Fjerde del  i Plan- og bygningslova omhandlar søkedelen for byggesaker. Merk at visse delar av lova ikkje gjeld når Brann- og eksplosjonsvernlova trer i kraft. Det erdifor eit samspel mellom Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og kommunen sitt kompetanseområde. 
Temaveiledning om bruk av farlig stoff (DSB, juni 2021) viser saksgangen. Dei viktige punkta overfor kommunen er: 

  1. Igangsetjingsløyve i høve til Plan- og bygningslova 
  2. Midlertidig bruksløyve og/eller ferdigattest. Brannvesenet i kommunen vil få melding når anlegget er meldt inn via www.Altinn.no

 

Støtteordningar

Investeringsstøtte til gardsanlegg

Innovasjon Norge gjev tilskot til bønder, landbruks- og naturbruksskular som ønskjer å investere i biogassanlegg gjennom Bioenergiprogrammet. Ein kan søkje støtte til investering, utredning og kompetansetiltak. Prosjektet skal vere lønnsamt og at det skal føreligge ein vurdering av den miljømessige vinning av anlegget og av korleis energien skal brukast.

 

Tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg på eiget gardsanlegg

Når gårdeier har eiget biogassanlegg, kan ein søkje om tilskot direkte ut frå føretakets dyretal såframt all husdyrgjødsel brukast i anlegget. For satsar pr. dyr, sja Forskrift om tilskudd for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg. Meir info om "husdyrgjødsel til biogassanlegg" på heimesida til LDir.

 

Tilskot for garder som leverer husdyrgjødsel til sentralt anlegg

For gårder som leverer husdyrgjødsel til sentralanlegg, kan ein søkje om tilskot per tonn levert gjødsel. Tilskotet vert rekna ut frå målt vassinnhald i leveringa. Sjå Forskrift om tilskudd for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg. Landbruksdirektoratet har søknad og veileder til søknad på sin nettside.

 

Avtale om levering av husdyrgjødsel

Det er eit mål i norsk klimapolitikk at mest mogleg husdyrgjødsel vert sendt gjennom eit biogassanlegg før det vert lagra eller spreidd. For å fremma dette klimatiltaket får bøndene ei godtgjersle. Dette kan gjerast på eiga gardsbruk eller som i mange tilfelle hensiktsmessig (små gardsbruk) at husdyrgjødsla leverast større fellesanlegg. I sistnemnd tilfellet må det utarbeidast avtalar mellom leverandøren av husdyrgjødsel (gardbrukaren) og mottakar av gjødsla (biogassanlegget, eller eventuelle mellomaktørar). Avtala må kvalitetssikrast av juridisk kyndige og nøytrale personar.

 

Kompetanse og rettleiing

NMBU - Veileder for biogassanlegg. Alt om planlegging, oppstart, drift, regelverk tilskot.

Innovasjon Norge - Snakk med ein radgjevar frå Innovasjon Noreg

Vestland fylkeskommune - Tenkjer du eit landbruksrelatert prosjekt? Snakk med Vestland fylkeskommune

Kontakt hjå Statsforvaltaren i Vestland

Norsk Landbruksrådgjeving har en podcast med dette som tema.

Inspirasjon

https://www.jaerenbiogass.no/var-historie