Klimakalkulator

Landbrukets Klimaselskap SA lanserte 15.oktober «Klimakalkulatoren» for norske gardsbruk. Den gjev bonden oversikt over utslepp og kva som skal til for å redusere utslepp og binde karbon på gardsnivå. Målet er at så mange norske bønder som mogleg tek i bruk kalkulatoren. I første omgang kan den brukast for mjølk, korn og gris. Andre produksjonar kjem fortløpande til.  

Heile landbruksnæringa står bak klimakalkulatoren og den er eit lagarbeid. Dei som står bak har stort fagleg spenn med 17 eigarar frå både samvirke og det private.  

Klimarådgjevarane vil vere viktige for bonden når klimakalkulatoren skal takast i bruk. Norsk Landbruksrådgiving og TINE utdannar for tida eigne rådgjevarar. Skulering av rådgjevarar og utviklinga av kalkulatoren er dei mest offensive tiltaka næringa nokon gang har gjort i klimaarbeidet. 

 

Meir informasjon

Les meir om klimasmart landbruk og klimakalkulatoren her.

Ta kontakt med Norsk Landbruksrådgjeving eller Tine for å få vite meir om framdrifta i arbeidet med klimakalkulatoren.