Kretsløpstolken

Betre utnytting av næringsstoffa reduserer utsleppa av klimagassar, samstundes som det gjev god økonomi for bonden.

Norsk Landbruksrådgjeving Vest tilbyr eit nytt styringsverktøy til gardbrukar: Kretsløpstolken. Verktøyet viser korleis næringsstoffa best kan utnyttast. Dette gjev òg ein reduksjon i utslepp av klimagassar. 

Modellen ser på kor og i kva form næringsstoffa kjem inn i drifta og går ut av drifta. Dersom ein har tap i form av metan eller lystgass snakkar ein om klimagassar, men dersom ein har tap via nitrat har ei utvasking. Dette er avgjerande å vite før ein kan setje inn rette tiltak.   
Kretsløpstolken er først og fremst eit verktøy for å sjå på korleis bonden utnyttar fosfor og nitrogen i drifta. I tillegg blir det gjort berekningar for karbon gjennom eit estimat av CO2-utslepp knyta til produksjon og transport av innkjøpte innsatsfaktorar, slik som gjødsel og fôr, i tillegg til drivstoffbruk i grovfôrproduksjonen og endring i moldinnhald i jorda. 

Vil du få analysert næringsstoffkretsløpet på garden din kan du ta kontakt med Norsk lanbruksrådgjeving. 

Meir om klimasmart landbruk hjå Landbrukets klimaselskap SA.