Solenergi

Sola er den beste energikjelda vi har. Jorda mottek kvart år 15 000 gangar meir energi frå sola enn menneske bruker. Sola gjev ein energimengde frå 700 til over 2 200 kWh/kvm per år, avhengig av kvar du bur i verda. Solenergi er ei gratis, miljø- og klimavennleg energikjelde. 

Også i Noreg, inkludert på Vestlandet, er det fornuftig å satse på denne energiforma. Vi må skilje mellom solceller (PV - photovoltaics) og solfangrar. Solceller gjer solstrålar til straum, mens solfangarar forvandlar solstrålar til varme. Les meir om solceller og solfangere på www.solenergi.no. 

Mange gardbrukarar tenkjer på moglegheitene for auka sjølvforsyning. Solcelleanlegg kan vere eit riktig val og er som regel enkelt å installere, samt at driftskostnadane og behovet for vedlikehald er låge. Ein sørvendt installasjon på eit relativt stort låvetak gir ein årleg straumproduksjon i kilowattimar (kwt) på linje med behovet på eit mjølkebruk (60-100 000 kwt). 

Eigenbruk av straum er verdt vesentleg meir enn det ein kan få ved å levere straum på nettet. Ei vurdering av framtidig endring i straumbehov bør inngå i reknestykket. Det er mogleg at framtidig utstyr vil auka straumbehovet, eller at du planlegg drift og bruk av utstyr på ein annan måte. 

 

Kom i gang med solceller på 1-2-3 

  • Sjekk om tak/vegg sør, vest og øst er utan skygge 
  • Høyr med kommunen om solcelle på fjøstak eller andre eksisterande bygg på garden er søknadspliktig. 
  • Kontakt Innovasjon Norge for å søkje om tilskot 
  • Kontakt ein solcelleleverandør og be om tilbod for prosjektet 
  • Leverandøren byggjer anlegget og du er i gang med drifta

 

Gode argument i vurderingsprosessen 

  • Solcelleanlegg har ei lang levetid og investeringa vert betalt att innan si levetid. Dette gjev god dagleg avkastning.
  • Driftskostnadane dine vert redusert frå dag 1 når solcelleanlegg er i drift.
  • Investeringa har låg risiko, lave driftskostnader og er kortreist solcellestraum direkte frå ditt tak.
  • Fornybar solstraum kan brukast i sal og marknadsføring av gardsprodukta dine


Meir informasjon

 

Webinar og seminar om bruk av solceller i landbruket:

Satsing på solenergi på ein gard i Sveio, april 2024, foto: Dirk Kohlmann, SFVL