Minsteproduksjon mjølk

Eit av grunnkrava for å få tilskot til jordbruksdrift er at ein driv vanleg jordbruksproduksjon. Det vil seie at ein må ha eit visst produksjonsvolum i forhold til dei produksjonsdyra føretaket disponerer. 

For å ha rett på produksjonstilskot for mjølk, er det krav om ein viss produksjon i liter mjølk per årskyr og tal kalvar (kalvingsintervall).  

Gjennomsnittleg mjølkemengd per årskyr (NRF) er ca. 8 000 kg mjølk. Det er krav om ein minsteproduksjon på halvparten av dette, 4 000 kg per årskyr, for å oppfylle kravet om vanleg produksjon. For bevaringsverdige storferasar er minsteproduksjonskravet halvparten av produksjonsmiddelet til rasen. Det er som regel noko lågare enn for NRF kyr.  

Mjølkeku er ei ku som har kalva i løpet av dei siste 15 månadane og som er i mjølkeproduksjon i eit føretak som disponerer mjølkekvote eller lokalforedlingskvote. For bevaringsverdige storferasar er kalvingsintervallet 18 månader.