Lausdrifts-, lufte- og beitekrav

Storfe skal oppstallast i lausdrift. Husdyrrom med båsdrift, som vart teke i bruk før april 2004 og har vore i samanhengande bruk sidan, kan likevel nyttast fram til 2034. Ein kan likevel starte med mjølkeproduksjon i eit båsfjøs som har stått tomt, men då kan ein berre drive med storferasar som er bevaringsverdige.  

Storfe skal ha gode høve til mosjon, fri rørsle og naturleg åtferd. Mellom anna er det krav om at storfe skal vere på beite minimum 8 veker i sommarhalvåret for storfe i lausdriftsfjøs. Storfe oppstalla i båsfjøs skal vere på beite minimum 16 veker.  

Nyare fjøs bygd før 2014, som ikkje har høvelege beite i nærleiken av fjøset, kan i staden ha tilgang til ein luftegard.  

Les meir i forskrift om hold av storfe, sjå spesielt §7, § 10 og § 32