Økologisk mjølkeproduksjon

Nokre av skilnadane mellom økologisk og konvensjonell drift er at kalven skal gå med kua i minst 3 dagar før han vert teken ifrå, at du berre kan bruke økologisk kraftfôr og at du ikkje kan bruke lettløyseleg mineralgjødsel (kunstgjødsel) på marka. Det er tillate med antibiotika viss dyret vert sjukt, men det skal ikkje vere det første ein prøver.  

Når du ønskjer å drive økologisk skal Debio godkjenne omlegginga og drifta. Du får høgare pris per liter økologisk mjølk enn for konvensjonelt produsert mjølk.  

Les meir hos Debio.