Tilskot i mjølkeproduksjon

Som mjølkeprodusent kan du søkje om:

 

Produksjonstilskot:

 

Tilskot til husdyr (mjølkekyr og anna storfe)

Her skal du føre opp dyr du hadde på teljedato 1. mars og/eller 1. oktober i søknadsåret.

 

Tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar 

STN (sida trønder- og nordlandsfe), vestlandsk fjordfe, vestlandsk raudkolle, telemarksfe, østlandsk rødkolle, dølafe. Må vera registrert i Kuregisteret hos Norsk genressurssenter på teljedato 1. oktober.

 

Tilskot til dyr på beite 

dyr som har beita i minst 12 veker og som føretaket disponerte i den perioden dyra var på beite. Dyra må ha hatt tilfredsstillande beitemoglegheiter og hovuddelen av det daglege grovfôropptaket skal ha skjedd ved beiting..

 

Areal- og kulturlandskapstilskot 

Før opp tal dekar fulldyrka eng, overflatedyrka eng og innmarksbeite.

 

Tilskot til økologisk landbruk 

Her er ulike kodar for ulik produksjon; husdyr, grovfôr osv.

 

Tilskot til avløysing ved ferie og fritid 

Her fører du opp om du søkjer avløysartilskot og sum nytta på avløysartenester. Du kan nytta avløysar som du sjølv har arbeidsgjevaransvar for, avløysar gjennom avløysarlag og/ eller kjøpa avløysartenester frå andre føretak.

 

Regionale tilskot

Driftstilskot til organiserte beitelag

Beitelag kan søke om tilskot til drift av beitelag. Tilskota skal stimulere til miljøvennlege driftsformer og produksjon av miljøgode for samfunnet. Dei er, til liks med nasjonale produksjonstilskot, ei årleg driftsstøtte til føretak med landbruksproduksjon som oppfyller visse vilkår. 

Omtale av dei regionale miljøtilskota i Vestland finn du her

 

Investeringstilskot til organiserte beitelag 

Utmarksbeiting i Norge går i stor grad føre seg i regi av beitelag som organiserer fleire beitebrukarar innanfor eit definert utmarksbeiteområde. Tilskot til tiltak i beiteområde skal bidra til god beitebruk gjennom infrastruktur i beiteområda.

 

Ulike soner - ulike tilskotsastar

Norge er delt inn ulike soner, og statleg tilskot varierer mellom desse. Det er viktig å sjekka kvar driftssenteret ditt er lokalisert på eigedomen; om det er festa på våningshuset eller driftsbygningen. Dette kan vere viktig informasjon for kva sone for mjølk eller kjøtt føretaket er i, og som igjen kan bety ulike tilskotssatsar.  

Finn garden din på Gardskart, sjå kart med sonegrenser på NIBIO - skog og landskap  sine sider og les meir om driftstilskot til mjølkeproduksjon hjå Landbruksdirektoratet.