Hestepasset

Alle hestar skal ha eit hestepass. Pass til hestar er eit viktig dokument for å kunne spore forflytting og avgrense smittespreiing ved sjukdomsutbrot. Passet sikrar også at kjøt frå hestar, som har vorte medisinert med legemidlar som ikkje er godkjende for matproduserande dyr, ikkje hamnar på middagsbordet. Det er Stiftelsen Norsk hestesenter som har ansvaret for å drifte Nasjonalt Hesteregister frå Mattilsynet.

Kor du kan få registrert hesten og korleis hestepasset ser ut, finn du hjå Mattilsynet.  

Les meir hjå Stiftelsen Norsk hestesenter om kjøp og sal av hest.