Beredskap
Energi og teknologiske løysingar
Ved investering i bioenergi, biogassanlegg eller solcelleanlegg på garden, er det viktig å vere førebudd på risiko som teknisk svikt, brann, straumbrot, naturhendingar eller endringar i regelverk.
Ein enkel beredskapsplan gir deg oversikt over kva tiltak som bør vere på plass – kven du skal kontakte, korleis du sikrar drift, og korleis du kan redusere konsekvensar ved uventa hendingar. Les mer om beredskap på gården.
Solenergi: Solcelleanlegg krev lite vedlikehald, men må vere ein del av garden si beredskapsplan. Ved brann, teknisk svikt eller ekstremvêr er det viktig å vite kven som har ansvar for feilsøking, avkopling og kontakt med straumleverandør.
Hugs at solcelleanlegg kan gi straum sjølv etter at hovudbrytaren er slått av.
Bioenergi (ved, flis, halm): Ved produksjon og bruk av bioenergi på garden er det viktig med beredskap for brann, eksplosjon, maskinsvikt og forsyningsstopp.
Planlegg for trygg lagring og handtering av brensel, oversyn over varmeanlegg og nødrutinar ved driftsstans i vintersesongen. Sørg for serviceavtale og oppdatert sjekkliste.
Biogass: Biogassanlegg krev særleg beredskap for gassutslepp, lukt, trykk, teknisk svikt og varsling.
Planen bør innehalde rutinar for driftssikring, kontakt med brannvesen, tiltak ved lekkasje eller opphoping av gass, og vedlikehald av sensorar og tryggingsutstyr.