Digitalisering av beitedrift

Digital sporing (radiobjøller) av beitedyr

Ved hjelp av GPS signal og mobilnett-teknologi kan du til ei kvar tid få informasjon om beiteaktivitet og utnytting av beiteressursane i utmark og fjellbeite. Samstundes vert tilsynsarbeidet mykje meir effektivt når du kan spore dyra døgnet rundt ved hjelp av mobiltelefon og nettbrett. Teknologien gjev òg informasjonsgrunnlag til å følgje med på helsetilstanden av kvar enkelt beitedyr, noko som bidreg til å auka dyrevelferda i utmarka.

Per i dag finst fleire tilbydarar av slik teknologi. Eit enkelt søk på Internett vil vise fleire radiobjølle-løysingar. Bruk av droner og sporingsutstyr på dyra vert òg meir og meir brukt. Norsk Landbruksrådgjeving tilbyr kurs i bruk av slike overvakingssystem.

Det er kommunane som forvaltar tilskot til tiltak i beiteområde. 

 

Virtuelt gjerde

Ved hjelp av ein klave som heng rundt halsen på beitedyr, t.d. ku, sau eller geit, kan du halde styr på kor dyra skal gå. Dette gjer du ved å teikne eit virtuelt gjerde via ein applikasjon i beiteområdet. GPS og mobilteknologi erstattar her det klassiske gjerdet. Ved både lyd og straumsignal frå klaven vert dyra haldne innanfor det virtuelle gjerdet. Dersom dyra nærmar seg det virtuelle gjerdet, vil den batteridrivne klaven gjere at dyra held seg innanfor eit område. Området kan du endre til ei kvar tid ved hjelp av t.d. nettbrett eller liknande utstyr. Dette sparer deg for tidkrevjande gjerdearbeid og større investeringar, og gjev høve til å utnytte beiteområda på ein meir effektiv måte.

I dag finn ein berre Nofence som leverandør for slik teknologi.