Krav til kunnskap om dyrehelse

Frå 01.01.2020 er det krav om at du som driv med næringsretta dyrehald skal ha oppdatert og dokumentert kunnskap om dyrehelse. 

Alle som driv eit næringsretta dyrehald må ha oppdatert kunnskap om dyrehelse.

Næringsretta dyrehald er hald av storfe, sau, geit, svin, oppdrettshjort, pelsdyr og fjørfe i ein verksemd som mottek produksjonstilskot og / eller har ei omsetting som overstig grensa for å vere merverdiavgiftspliktig. Alt hald av kameldyr omfattast av reglene for næringsretta dyrehald.

Les meir hjå Mattilsynet.