Meirverdiavgiftsregistrering

Når føretaket passerer kr 50 000,- i omsetning i løpet av dei siste 12 månadene skal du søkje om registrering i mva-registeret. Merk at perioden strekkjer seg over dei siste 12 månadene, uavhengig av kalenderår.

Kommunalt og statleg motteke tilskot vert ikkje rekna som ein del av omsetninga di i rekneskapen.

Når verksemda er registrert i mva-registeret:

  • skal du spesifisere mva på fakturaer du skriv sjølv, frå og med den fakturaen som overstig beløpsgrensa.
  • kan du få refundert mva på innkjøp. Det er også mogeleg å få refundert inngåande mva på varer og tenester, som du har kjøpt inn i oppstartsfasen, før verksemda var mva-registrert. Dette gjeld på visse vilkår.
  • skal du levere mva-melding (tidlegare omsetningsoppgåve) for primærnæringa, med frist 10. april.

Du får tilbakebetalt mva du har hatt på innkjøp, med fråtrekk for mva på varer du har selt. Du har ikkje lov til å rekne mva på fakturaer du skriv eller trekkje frå mva på innkjøp før du er registrert i mva-registeret.

Meir informasjon finn du på Altinn og Skatteetaten.