Konsesjon svin

Du kan ikkje produsere så mykje svinekjøt som du vil (Lov om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen). Produksjonane er regulert av husdyrkonsesjonsregelverket. Reguleringa er til for å sørge for ei viss spreiing av gardsbruk som driv med svin eller fjørfe. Ein ynskjer ikkje at nokre få store bruk produserer alt og det ikkje er konkurransemessig rom for andre aktørar å drive. Reguleringa vert gjort ved at produksjonsomfanget hjå den einskilde produsent er avgrensa. Når ein driv med smågrisproduksjon har ein to konsesjonsgrenser å forhalde seg til. Ei grense for tal innsette avlspurker (der 1 avlspurke tel som 20 konsesjonseiningar) og i tillegg er det ei øvre grense på kor mange avlspurker ein kan rangere ut kvart år.

Dei ulike produksjonane har ein ulik faktor for kva ei konsesjonseining er. Viss du ynskjer å produsere i eit større omfang må du søkje Landbruksdirektoratet om dette.

Forskrift om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen er det presiseringar om kva som står i lova. Mellom anna er grensene for konsesjonspliktig produksjon definert.