Øyremerking av svin

Alle svin som vert fødd, må merkast snarast mogleg og seinast før dei forlèt dyrehaldet. Unntaket er når smågris vert flytta frå det opphavlege dyrehaldet til eit anna dyrehald for vidare oppfôring. Seinast før grisane vert sendt til slakt må desse merkast anten med eit merke eller ei tatovering. Dette kravet gjeld berre for dyrehald utan eigne dyr til avl og som berre får dyr frå andre dyrehald.

Dyra skal merkast med eit øyremerke eller ei tydeleg tatovering med identifikasjonskode til dyrehaldet. I tillegg kan ein bruke individnummer for ytterlegare merking. Skal du flytte svin frå dyrehaldet til eit slakteri i Noreg, kan ei tatovering med dyrehaldet sitt leverandørnummer ved slakteriet vere eit alternativ.

Du kan lese meir om merking på Mattilsynet sin nettstad.