Vinterfôra geiter vert halde i driftsbygningar med dagleg tilsyn og fôring gjennom vinteren. Dei vert sleppte på beite om sommaren.

Utegang er når geitene vert halde slik at dei har tilgang til hus og kan gå inn og ut som dei vil og går ute heile året. Dei kan fôrast inne eller ute. Det er krav om at golv i hus til dyr på utegang må ha varmetekniske eigenskapar. Det er difor ikkje lov med strekkmetall eller betonggolv.  

Utedrift er hald av geit utan tilgang til hus. Dette krev ein dispensasjon frå Mattilsynet. Dispensasjon vert gjeve på vilkår i inntil fem år etter at Mattilsynet har vurdert lokaliteten.

Les meir på Lovdata.

 

Alle som driv eit næringsretta dyrehald må ha oppdatert kunnskap om dyrehelse. Næringsretta dyrehald er hald av storfe, sau, geit, svin, oppdrettshjort og fjørfe i ein verksemd som mottek produksjonstilskot og / eller har ei omsetting som overstig grensa for å vere merverdiavgiftspliktig. Alt hald av kameldyr omfattast av reglene for næringsretta dyrehald.

Du kan lese meir om kompetansebeviset på mattilsynet sine sider.