Merking av geit

Kje skal, innan 30 dagar etter fødsel, merkast med anten eitt visuelt merke i kvart øyre eller eitt visuelt merke i det eine øyret og eitt elektronisk i det andre øyret. Desse merka vert kalla opphavsmerke. Det er ikkje krav om elektronisk merking av geit, med unntak av geiter fødd i 2010 og seinare som skal eksporterast til eit anna EØS-land eller tredjeland.

Det er ikkje krav om individuell identifikasjonskode på øyremerke til kje som vert ført til slakt og som ikkje skal ut av Norge.

Geiter skal merkast med kvitt øyremerke ved overføring til eit nytt dyrehald. Det skal gjerast innan 7 dagar etter overføring. Dersom dyret allereie har eit kvitt merke, skal dette fjernast og det skal setjast i eit nytt. Opphavsmerka skal ikkje takast ut.

Les meir på lovdata.