Mjølkekvote geit

Alle som produserer mjølk må ha mjølkekvote, anten du leverer til meieri eller foredlar mjølka sjølv. Kvotesystemet vert regulert av Landbruksdirektoratet. Du må søkje om kvote for å starte opp med mjølkeproduksjon, eller gjere om vanleg kvote til foredlingskvote. Det er mogleg å kjøpe kvote anten frå staten eller frå ein annan bonde, begge gjennom omsetningsrunde med frist i oktober. Eig du grunnkvoten 15 000 liter geitemjølk kan du, i tillegg, leige kvote hos private.  

Det er berre mogleg å starte opp med geitemjølk-produksjon i kommunar der det er geitemjølkkvote frå før.  

Viss du sel mjølk utan å ha kvote, eller utover den kvoten du har, må du betale ei overproduksjonsavgift per liter mjølk.

Kvart år vert det forhandla om eit forholdstal for mjølkekvotene. Det er faglaga (Bondelaget og Bonde og småbrukarlaget) og Tine som forhandlar med staten om meir eller mindre mjølkeproduksjon, i forhold til kvotane.

For 2020 er forholdstalet satt til 0,94 for geitemjølk. Denne forhandlinga vert gjort for å regulere produksjon av meieriprodukt i forhold til etterspurnad i marknaden.   

Les meir om mjølkekvotar, skjema og regelverk hos landbruksdirektoratet