Sal av livdyr

Ein kan levere dyr til slakteri eller ein kan selje dyr som livdyr. Det er forbode å flytte hodyr av småfe (sau og geit) mellom buskapar. Du må søkje løyve frå Mattilsynet dersom du vil kjøpe hodyr.

Hanndyr av småfe kan flyttast mellom buskapar innan fylket utan søknad til Mattilsynet, men det skal fyllast ut eigenerklæringsskjema frå seljar. Dette skal følgje dyret. Bukkar kan flyttast etter same reglar som vêrar, men dei skal alltid ha veterinærattest, også når dei vert flytta innan same fylke.