Produksjonstilskot m.m.

Du som driv med geit kan mellom anna søkje om

 

Tilskot til husdyr

Her skal du føra dyr du hadde på teljedato 1. mars og/ eller 1. oktober i søknadsåret.
Mjølkegeit: Geiter som har kjea og som er i mjølkeproduksjon hos føretak som anten har disponibel kvote eller lokalforedlingskvote. Geitetal skal registrerast i søknad både i del 1 og del 2 (med fristar 15. mars og 15. oktober).  

Ammegeit: Geiter som har kjea minst ein gong og som ikkje er mjølkegeiter. Ammegeiter skal berre registrerast i del 1 av søknaden (med frist 15. mars).

 

Tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar 

Kystgeit: Dyra må vera registrert i Ammegeitkontrollen med låst rasekode på teljedato 1. oktober. Ammegeiter er geiter som har kjea minst ein gong og som ikkje er mjølkegeit.

Meir om bevaringsverdig geiterase finn du her.

 

Tilskot til dyr på beite 

Tilskotet gjeld for dyr som har beita i minst 12 veker og som føretaket disponerte i den perioden dyra var på beite. Dyra må ha hatt tilfredsstillande beitemoglegheiter, og hovuddelen av det daglege grovfôropptaket skal ha skjedd ved beiting.

 

Tilskot til dyr på utmarksbeite            

Tilskotet gjeld for dyr som har beita i utmark i minst 5 veker, og som føretaket disponerte i den perioden dyra var på beite. Dyra må ha hatt tilfredsstillande beitemoglegheiter og hovuddelen av grovfôropptaket skal ha skjedd ved beiting i utmark. For sau skal det i tillegg førast opp sleppte og sanka dyr. 

 

Areal- og kulturlandskapstilskot 

Før opp tal dekar fulldyrka eng, overflatedyrka eng og innmarksbeite.

 

Tilskot til økologisk landbruk

Her er ulike kodar for ulik produksjon; husdyr, grovfôr osb.

 

Tilskot til avløysing ved ferie og fritid 

Du kan søkje avløysartilskot og sum nytta til avløysartenester. Du kan nytte avløysar som du sjølv har arbeidsgjevaransvar for, avløysar gjennom avløysarlag og/ eller kjøpe avløysartenester frå andre føretak.

 

Regionale tilskotsmidlar (RMP)

Som ein del av regionalt miljøprogram kan bønder i Vestland søkje om regionale miljøtilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne, og til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel.