Mjølkekvote

Alle som produserer mjølk må ha mjølkekvote, anten du leverer til meieri eller foredlar mjølka sjølv. Kvotesystemet vert regulert av Landbruksdirektoratet. Du må søkje om kvote for å starte opp med mjølkeproduksjon eller gjere om vanleg kvote til foredlingskvote. Det er mogleg å kjøpe kvote anten frå staten eller frå ein annan bonde, begge gjennom omsetningsrunde med frist i oktober. Eig du grunnkvoten, 30.000 liter kumjølk, kan du i tillegg leige kvote hos private.

Om du sel mjølk utan å ha kvote, eller utover den kvoten du har, må du betale ei overproduksjonsavgift per liter mjølk.

Kvart år vert det forhandla om eit forholdstal for mjølkekvotene. Det er faglaga (Bondelaget og Bonde og småbrukarlaget) og Tine som forhandlar med staten om meir eller mindre mjølkeproduksjon i forhold til kvotane. Denne forhandlinga vert gjort for å regulere produksjon av meieriprodukt i forhold til etterspurnad i marknaden. For 2022 er forholdstalet sett til 0,99 for kumjølk (og 0,95 for geitemjølk). Produksjonstaket for ku- og geitemelk i 2022 blir 900 000 liter.

Les meir om mjølkekvotar, skjema og regelverk hos landbruksdirektoratet 

Alle som driv eit næringsretta dyrehald må ha oppdatert kunnskap om dyrehelse.

Næringsretta dyrehald er hald av storfe, sau, geit, svin, oppdrettshjort, pelsdyr og fjørfe i ein verksemd som mottek produksjonstilskot og / eller har ei omsetting som overstig grensa for å vere merverdiavgiftspliktig. Alt hald av kameldyr omfattast av reglene for næringsretta dyrehald.

 

Du kan lese meir om kompetansebeviset under "Oppstart og registrering".