Andelslandbruk

Andelslandbruk går ut på at du som bonde sel deler av- eller heile produksjonen din på førehand. I dag er mange forbrukarar opptekne av rein eller økologisk mat og ønskjer innsyn i produksjonsprosessen. Andelslandbruk gjev deg høve til å inngå eit samarbeid med forbrukarar, der avling og risiko ved valt produksjonsform vert delt.

Omsetningsforma legg spesielt vekt på berekraft i alle ledd:  både for jorda, plantar, dyr, bonden og forbrukar. Det er ikkje krav om økologisk drift, men til no har det vist seg at det som regel er denne driftsforma deltakarane ønskjer seg.

Denne nyskapande omsetningsforma har auka kraftig i omfang, både i Norge og i mange andre stader i verda, dei seinare åra. Andelslandbruk er eit døme på korleis forbrukarar og bønder kan samarbeida om produksjon av mat. I prinsippet kan dette nyttast i alle produksjonar.

Til no er det flest grønsaksproduksjonar som har valt denne drifta, men ein ser også fleire andelslandbruk som tilbyr produkt frå husdyr og fleirårige kulturar.

Lurar du om dette er noko for deg? Ta kontakt med andelslandbruksprosjektet i Oikos – Økologisk Norge, sjølv om du ikkje driv økologisk. Oikos er nasjonal koordinator for nettverket av andelslandbruk i Norge, og arrangerer kurs og nettverksmøte.

Meir info finn du på www.andelslandbruk.no/.