Jakt og fiske

Jakt og fiske har lange tradisjonar i Norge. Folk i gamle dagar dreiv med jakt og fiske for å overleve, og for å spe på gardsinntekta. I dag er jakt og fiske meir eit tilbod innan naturopplevingar, folkehelse og kulinariske matopplevingar. Viltkjøt og fisk er naturlege, reine og ekte råvarer som mange ønskjer seg meir av.

Som grunneigar kan ein tilby sal av jakt og fiske, gjerne i kombinasjon med overnatting og bevertning. Å drive med storviltjakt krev ein viss storleik på eigedomen, fellingsløyve frå kommunen, ofte eit godt samarbeid mellom fleire gardar og kunnskap om vertskap, som jaktguide og jeger. Småviltjakt og fiske kan grunneigar selje utan løyve frå kommunen.

Vi ser eit ikkje oppdaga og stort potensial for verdiskaping basert på jakt og fiske som tilleggsnæring i landbruket. Å sette i verk ulike vilt- og fisketiltak på eigedomen vil gje auka ressursgrunnlag ved sal av jakt og fiske. Naturbaserte reiselivsbedrifter i Norge omset for over åtte milliardar kroner årleg, kan vere at også du vil satse på jakt og fiske som næring?

Kom i gong  - her får du meir informasjon:

For dei spesielt interesserte:

Vi har ikkje mange gardar på Vestlandet som har erfaring med jaktturisme, men det er landet rundt nokre gode døme på vellukka satsingar. Som inspirasjon kan du sjå på sidene til Åkrafjorden Jakt AS  UtmarksCompagniet  Opaker Gård.