Gardsbasert reiseliv

Det ligg eit stort vekstpotensiale i reiselivsnæringa. Dette gjeld både nærturisme (eigen region) og den nasjonale og internasjonale marknaden. Turistar ønskjer tilrettelagde opplevingar, og opplevingsbransjen er den delen av reiselivet som veks raskast med omsyn til verdiskaping. Her

har landbruket, med sine ressursar på eigedomen og i utmarka, mykje å by på. Det å vere på ein gard og å få ta del i aktivitetar har stor verdi i eit urbant liv.

Organisasjonen Hanen er den største organisasjonen innan gardsturisme i Norge.